Optimakonseptet

Optimakonsepet – «Naturens kur mot hudplager»- utan parabener !

Vår filosofi er at produkta våre skal ha effekt i samsvar med økologiske prinsipp. Økologi er samanhengen mellom levande organismar og miljøet. Optima utnyttar samanhengen mellom mikrofloraen og miljøet. Det har vist seg å gje gode resultat.
Bruk av antibiotika og desinfeksjon motarbeider naturen. Det gjer også bruk av såper og vaskemidlar med høg pH. Alt dette endrar bakteriefloraen i ugunstig retning, og det kan medverka til utvikling og forverring av hudplager.

PRODUKT TIL FOLK

Hudvask

pH4 bevarer den gode og normale bakterieflora og gjev hud i balanse.

Dette er ei såpe som inneheld hudpleie i tillegg til vaskestoff. Derfor kan du vaska hendene og dusja så ofte du ønskjer utan å skada huda.
Såpa inneheld vaskestoff og glyserol som er feittløyselege ingrediensar og er dermed godt eigna til å fjerna søl og skit på hendene. I tillegg er det organiske syrer som gjer at såpa vert sur, pH 4. Dei organiske syrene legg til rette for den gode normalfloraen og gjer livet surt for problembakteriane (som ikkje trivst ved låg pH). Såpa er dermed med på å bevara huda si naturlege syrekappe og bakterieflora slik at ein vert meir motstandsdyktig mot infeksjon generelt.
Innhaldet av glyserol og alginat er med på å pleie huda.
Denne hudvasken kan du bruka til både handvask, dusjing, barbering, intimvask og fotbad. Mild og god hudvask til baby.

500 ml - 150,-
5 liter - 575,-

Hudbalsam

Mild pleiande gelé. Til overflatesår, hudplager og
fot/hudmassasje.

God mot skadelege bakteriar og sopp. Velegna til alle former for hudpleie overalt
på kroppen; tørre hender, etter soling, etter barbering,
til overflatesår og hudplager.
Gelkonsistensen gjer produktet bruksvenleg og velegna også til fot- og hudmassasje.
Dette produktet har alle dei gode eigenskapane til hudpleie pluss, men konsistensen betyr at det kan doserast i større mengder. Det er ein fordel ved hudplager og overflatesår.

1 liter - 280,-

Hudpleie pluss

Produkt til hudpleie og ved hudplager

Til generell hudpleie av heile kroppen, fotpleie, aftersun, etter barbering, som hårlotion og ved mange hudplager. God mot skadelege bakteriar og sopp. Velegna til alle former for hudpleie overalt på kroppen; tørre hender, etter soling, etter barbering,
til overflatesår og hudplager. Dette produktet er likeverdig med Optima pH hudbalsam.
Hudpleie pluss er litt meir flytande og kjem i sprayflaske for dei som måtte føretrekka det.

1 liter - 250,-

PRODUKT TIL DYR

Hudvask for dyr

Fjernar ikkje feitt frå hud og pels.
Det første og viktigaste tiltaket ved kløe og andre hudplager. Hunden/dyret kan derfor vaskast så ofte som nødvendig.
• God mot kløe og andre hudplager

HUND:
Fukt med lunka vatn. Masser grundig med hudvask for dyr/ hundeshampo og skyll av etter 1-2 min.

HEST:
Vask heile hesten grundig .Gjenta om nødvendig etter 1-2 veker. Konsentrer deg deretter om berørte kroppsdeler. Vask etter behov og spray med Optima pH hudspray for dyr.

SAU:
Fødselshjelp/lammebytte: Optima pH hudvask for dyr fjernar lukt og er grunnlaget for metoden.

GRIS:
Fødselshjelp: Vask området rundt vulva med Optima pH hudvask for dyr. Bruk rikeleg med Optima pH gel på hansken når du utøver fødselshjelp.

Viktig: Bruk hudvask for dyr saman med hudspray for dyr /gel for å få det beste resultatet

500 ml - 165,-
5 liter - 515,-

Hudspray for dyr

Til bruk ved hudplager hos alle dyrearter.
Bruk dette ved børsting, ved kløe, andre hudplager og overflatiske sår.
• Skal påførast minst to gonger pr. dag. I ein del tilfelle er det gunstig å bruka det oftare. Bruk det i ca 14 dagar, eller så lenge det er nødvendig. Fin til førebygging av hudplager.
• Bruk både hudvask for dyr og hudspray for dyr for å få det beste resultatet.
• Alle råstoff er godkjent til bruk i mat

500 ml - 160,-
5 liter - 470,-

Gel

Produkt til overflatesår og velavgrensa hudplager.
Til bruk ved:
• Overflatesår og hudplager hos alle dyr.
• Jur- og spenesalve.
• Glidemiddel ved fødselshjelp og i børen hos alle produksjonsdyr.
• Hemmar veksten av skadelege bakteriar og sopp.

1 liter - 235,-
5 liter - 730,-

REINHALD

Universalvask

Til vask overalt i heim og næring.

Dette produktet har ingen negativ effekt på helse og miljø og er ”snilt” mot inventar, utstyr etc. Det har god vaskeeffekt og pga dei organiske syrene gjer det livet surt for problembakteriane (bl a E.coli, S.aureus, Salmonella, og Listeria).

Viktige bruksområde:
• Produksjonslokaler til næringsmidlar
• Skular, barnehagar og helseinstitusjonar
• Fjøs, kennel, stall og liknande
• Område som treng ekstra sikring mot problembakteriar/sopp
• Generelt reinhald i hus og heim

5 liter - 350,-